Diakron og komparativ lingvistikk

Kort om emnet

Emnet gjev ei fordjuping i diakron og komparativ lingvistikk. Det sentrale spørsmålet som blir teke opp, er: Korleis viser ein at språk er i slekt med kvarandre? Stor vekt blir lagd på metodane, i fyrste rekkje den komparative metoden, også i eit faghistorisk perspektiv. Problem knytte til språkslektskap vil blir diskuterte med utgangspunkt språkfamiliar i alle verdsdelar. Ulike freistnader på å gå utover den komparative metoden for å påvise slektskap mellom etablerte språkfamiliar vil òg bli drøfte. Andre emne som blir tekne opp, er språkleg variasjon i tid og rom og spørsmålet om det er mogeleg å finne ut noko om det fyrste menneskespråket ved hjelp av diakron og komparativ lingvistikk. 

 

Kva lærer du?

Studentane skal få utdjupa kunnskapar om diakron og komparativ lingvistikk, som ei førebuing til eige, sjølvstendig arbeid, med stor vekt på ikkje berre teoretisk, men også praktisk meistring av den komparative metoden. Emnet vil også gje studentane eit grunnlag for å kritisk evaluering av metodologien og kvaliteten til diakron og komparativ forsking innanfor ulike språkfamiliar. Gjennom emnet får dei òg eit oversyn over dei viktigaste språkfamiliane i verda og korleis dei blei etablerte.   

Publisert 3. des. 2010 13:35